Skredkonferansen som arrangerast kvart andre år, er i 2023 tilbake i kalendaren. Årets konferansen er lagt til Oppdal på Quality Skifer Hotel og datoen er 3-5 november.

Det er også tradisjon at torsdagen 2. november får eit fagleg innhald frå Norskred, som då er inkludert for dei som har festivalpass. Her kjem vi tilbake med innhald!

Innhaldet i årets konferanse vil kretse seg rundt temaet ansvar. Her har programkomitèen også sett på ulike underkategoriar og ser at årets tema skal kunne freiste dei fleste som ynskje skredfagleg påfyll til sin kvardag, enten det er som privatperson eller i yrkesfeltet.

Eit pass til skredkonferansen inneheld følgande:

  • Alt av fagleg innhald

  • Lunsjbuffet fredag og laurdag på Quality Hotel Skifer

  • Frukt, nøtter, is og kaffe/te i pausane

Vi tilbyr to typar pass. Eit for ordinært til kr 3.000,- og eit for studentar til kr 2.200,- Merk at du må framvise gyldig studentbevis ved innsjekk om du kjøper dette.

Laurdag har vi også ein festmiddag med underhaldning. Husk å også sikre deg ein plass her!

Kjøp konferansepass her! Merk at vi har maks 250 stykk for sal!