Skredkonferansen er eit samarbeid mellom Den Norske Turistforening, Norges Geotekniske institutt, Røde Kors og Fri Flyt AS. Konferansen blir arrangert anna kvart år, sist i 2021 på Gol.

I 2023 er konferansen lagt til Oppdal og Quality Hotel Skifer. Konferansen går frå kl 09 fredag-søndag med program på dagtid og sosialt på kveldstid. Vi er ferdig seinast kl 14 søndag 5. november.

Det blir workshop torsdag 2. november for deltakarar på konferansen. Workshop torsdag vil vere inkludert i passet.

Planlegginga er i gang og billettar blir tilgjengelig på friflytbestill.no i løpet av våren.