Fredag 14:20

Sju menn mista livet i snøskred i Molaupen november 1971. Eli Anne Tvergrov var ei av dei som mista onkel og morfar i ulykka. I foredraget hennar får du presenteret utviklinga av den landbaserte skredredningstenesta i Noreg gjennom 50 år. Frivilleg snøskredberedskap, nasjonal skredkunnskap og redning mottok ein arv i etterkant av hendingane.

Her får du innblikk i snøskredhistorie som få har kjent til. Tvergrov har også erfart nedsida som ein moderne topptur har gitt gode vener på verst tenkeleg måte. Med dette som utgangspunkt vil ho også vise oss det ho meiner manglar i god skredhandtering, den dag i dag.

Om foredragsholdere / opphavsfolk

Eli Anne Tvergrov er strategisk kommunikasjonsrådgivar med bakgrunn frå politi, kommune og NTNU. Ho har inngåande erfaring og kunnskap frå krisehandtering, og har delteke i handteringa av stort sett alle større mediedekte hendingar i Møre og Romsdal, som snøskred, langvarige søk og redningsoperasjonar siste åra.

Tvergrov kan historia til fjella på Sunnmøre, og ho bur nede på start til nokre av dei mest spektakulære toppturane i Hjørundfjorden. Saman med Møre og Romsdal Røde Kors gir Tvergrov ut boka "Arven frå Molaupsulykka". Inntektene går til vidareutvikling av frivilleg snøberedskap.