Lørdag 11:00

Viss ein ser noko som kan vere til fare for andre er det vanleg å sei i frå om dette. Varsom-Regobs er eit system der ein på ein enkel og rask måte kan formidle det ein opplever ute i terrenget til andre som skal ferdast i det same området. Men mange føler nok på ansvaret for at det dei formidlar er rett, og tenkjer kanskje at det er betre å la vere å legge inn noko i regobs enn å måtte stå til ansvar for eigne vurderingar.

Korleis kan folk flest bidra med observasjonar, kva ansvar har ein for å dele det ein veit med andre, og kva ansvar har ein for at det ein deler på Varsom-Regobs er rett? Me ser på eit par konkrete døme på dilemma ein kan oppleve.

Om foredragsholdere / opphavsfolk

Tindevegledar og snøskredvarslar i NVE. Arbeidar mest med opplæring og oppføging av NVE og SVV sitt observatørkorps. Har også ansvar for snøskredskulen på varsom.no og bistår med å halde oversikt over snøskredulykker.